hyttefelt

11/11/2011

Nyheter fra Vågslid Grunneigarlag

Enda bedre løyper, lysløype frå Tyrvelid til Vågslidvatnet, bedre skilting og ikkje minst: Utbyggingsplanar i Vågslid. Her er nyheten frå Vågslid Grunneigarlag.

TEKST: Haukelifjell.com
FOTO: Vegard Breie

LØYPEPREPARERING. Løypekøyringa fortset som før, og det er gledeleg at innbetalingane frå hytteforeningar og enkelt-hytteeigarar går betre og betre for kvart år. Nye løyper vert vurdert på bakgrunn av kostnad og innkomne midlar. Nokon hytteforeningar har foreslått auka løypekontigent for nettopp å kunne auke tilbodet, og kanskje få tilkomst til løypenettet nærare dei enkelte hyttefelta. Dette er grunneigarlaget positive til!

FRAMDRIFT PÅ LJOSLØYPA/GANG- OG SYKKELVEGEN. Det omfattande prosjektet med etablering av ei ljosløype gjennom bygda har stadig utvikling. Dessverre lukkast ikkje Grunneigarlaget heller i løpet av 2011, å få inn nok pengar til å få lys i lampene innan vinteren stod for døra. Men ein kan melde at det no er overhengande nær, at lyskastarar i halve traseen, mellom Tyrveli og Vågslidvatn, kan vera i drift innan hausten 2012. Gangvegen har i løpet av seinhausten 2011 blitt grovbygd slik at den kan preppast som skiløype med lite snø.

Me har fått ein del støtte til prosjektet av kommunen, frå STUI og frå enkelte hytteforeningar, samt avsatte infrastrukturmidlar og dugnadinnsats av grunneigarane. Dette er eit kostnadskrevjande prosjekt, og trongen for midlar er stor for å kunne fullføre prosjektet! For at me skal kunne oppretthalde framdrifta og få realisert prosjektet er det naudsynt med bidrag frå hytteeigararane i Vågslid.

SKILTPLANEN. Grunneigarlaget har i 20-30 år arbeidd med sti og løypeplan, samt skilting og kartlegging av desse. Det krevst derimot stadig betre skilting, slik at det vert enkelt og trygt å finne fram, og våge seg ut på lengre turar for dei som ikkje er kjende i området. Skilting etter nasjonal standard har vore eit omfattande arbeid som ein har arbeidd med i 2-3 år no, og endeleg ser det ut for at prosjektet kan gjennomførast. Det er truleg at me allereie til sommaren vil kunne sjå nye flotte skilt rundt på turløypene i Vågslid.

NYE PLANAR FOR UTBYGGING I VÅGSLID. Det er stor omsetnad av hyttetomter og nye hytter i Vågslidområdet. Det medfører at det tynnast ut med flotte tomter, noko som gjer det nødvendig med planlegging av framtidige utbyggingsområder. Derfor er Vinje kommune i gang med rullering av kommunedelplanen for Vågslid, og denne prosessen vil vera sluttført sommaren 2012.

INATUR.NO. Vågslid Grunneigarlag har frå og med sommaren 2011 lagt alt sal av jaktkort og fiskekort ut på inatur.no. Ein kan fortsatt få kjøpt fiskekort på salgstadane lokalt i Haukeliområdet, men jaktkorta er no kun på inatur. Inatur har også ei SMS-teneste for fiskekort.

Helsing frå Vågslid Grunneigarlag