Busstopp

12/11/2012

Neste stopp Haukelifjell skisenter!

Endeleg er Haukelifjell skisenter oppført som fast stoppestad i Haukeliekspressen sin timetabell. I november står dei flunka nye haldeplassene klare for å gjere ventinga både tryggare og varmare for dei som dreg frå fjells per buss.

- Mange reisande har venta lenge ute i både snø og storm når bussen har vore forsinka grunna til dømes trafikkproblem, seier Halvor Vinje i Haukelifjell skisenter.

Etter mykje lokalt press og fleire hands-amingsrundar i Vinje kommune, tok prosessen med busshaldeplass ved skisenteret til på nyåret i fjor.
- Tryggleiksvurderingar synte at dette var på høg tid, fortel byggeleiar for prosjektet, Dag Rune Kvålen i Statens Vegvesen
- Skisenteret er ein stad der mange folk ventar på bussen og me vil sjølvsagt ikkje risikere å ha dei ståande langt ute i den trafikkerte E 134, seier Kvålen.

Tidlegare stoppa bussen langs vegen og sperra dermed inn-og utkøyringa til skisenteret. Mange farlege situasjonar oppstod, særskilt i samband med kolonnekøyring.

SOLID TØMMER: I eit område der naturen til tider viser store musklar, såg Statens vegvesen at det var behov for meir solide ventehytter enn leskura som dei nyttar som vanleg standard.

Den lokale laftebedrifta Haukeli hytter og hus fekk difor oppdraget å designe og byggje ventehyttene. Firmaet fekk full fridom med tanke på utforming og design, men nokre faktorar måtte det likevel takast omsyn til. Busskuret skulle mellom anna vere ope og utan dører, men på same tid ha mest mogeleg le for vêr og vind.
- Snøen er ei stor utfordring i så måte– den vil me helst ha på utsida av venteromet, seier Knut Tore Apeland i Haukeli hytter og hus.

Løysinga blei difor ei 15 kvadratmeter stor hytte med utvendig form som ein gapahuk. Inne i ventehytta må ein gå gjennom eit lite vindfang før ein kjem inn i sjølve venteromet der dei solide tømmerveggane gjev god ly.
- Med store flater vindauge får me utnytte det naturlege ljoset maksimalt, seier Apeland.
Men ikkje minst er vindauga viktige for utsikta sin del – dei ventande står trass alt midt i ein fantastisk natur!