skisporet-app

12/11/2012

Følg skispora med ny app

Sist sesong blei skiløypene i Vågslid tilgjengelege på www.skisporet.no. På denne sida kan alle skientusiastar lett få oversikt over løypenettet i området; når dei sist blei preppa og faktisk også kvar løypemaskina er nett no.

Nyheit! Men du kan også få kjapp oppdatering på løypestatusen ved å laste ned Skisporet-appen frå App Store. Appen gjev ein glimrande presentasjon av både løyper og preppestatus i Vågslid. Statusen oppdaterast fortløpande via mobiltelefon og GPS frå løypemaskinane. Når du er inne i appen er det kjapt å klikke seg fram til Telemark og så vidare til Vågslid. Kartet er interaktivt og kan zoomast opp og ned etter behov. Ved å klikke på den aktuelle løypa får du opp namnet på løypa, lengda og høgdekurva.