eksotisk-costaricanaren-esteban

12/11/2012

Fjellvant costaricaner

Han er utdanna entomolog, men er slett ikkje i Haukelifjell skisenter for å forske på insekt. Opphaldet på høgfjellet sist vinter gav Esteban Leon frå Costa Rica meirsmak; no er han på ny klar for å ta seg av summande skientusiastar på Noregs tak.

PÅSKA 2012
- Hallo!
- Hei!
- Står til?
Esteban står ved Vågslidheisen i Haukelifjell skisenter. Sola blenkjer i dei kvite skibakkane. Han skjemtar og ler, er på hels og småpratar med alle som fer forbi for ein ny heistur til dei kvite toppane.

- Det er veldig mange som har hytter her på Haukelifjell. Eg har møtt gjestene kvar helg gjennom heile sesongen – dei kjenner meg no, smiler han og tek av seg dei mørke solbrillene. Solskiljet kring augo avslører eit aktivt friluftsliv.

SPENNANDE TID:
Costaricanaren har jobba med sesongarbeid i Noreg i tri år – ski på vinteren og rafting om sommaren.

Korleis fann han så vegen til hit Haukelifjell?

- Etter to sesongar på Vinstrafjellet, trong eg miljøforandring. Eg tok kontakt med Halvor Vinje, og vips, her var eg, smiler Esteban.

Som 17-åring blei Esteban profesjonell fotballspelar i Costa Rica. Då han var 21 år måtte han gje opp karriera grunna kneskade.

- Så då kunne eg jo like godt byrje med ekstremsport og halde fram med å skade kroppen min då veit du, ler han.

Esteban er djupt fascinert av naturen på Haukelifjell og myser opp på dei kvite fjelltoppane ovanfor. På skisenteret handterer han mellom anna heis, tek seg av bookinggjester, og held styr på Terrengparken.

- Men preppe-maskina rører eg ikkje altså. Der går grensa, den er farleg, ler han.

Esteban er energisk, snakkar fort og det openbarar seg stadige smil i det brune fjeset. Han snakkar så godt som flytande norsk. Dei svenske orda som slår inn i blant har si naturlege forklaring; Esteban har nemleg sambuar og to barn i Sverige.

Men no ser altså den fargerike costaricanaren fram til nok ein vintersesong på Haukelifjell.