arne-vinje

12/11/2012

Natur, kultur og politikk i Haukelifjell

Det er utvilsamt fleire forklaringar på at ingen annan kommune har hatt ein så sterk vekst i talet på hytter dei siste åra som Vinje, men i sum kan me audmjukt slå fast at fjellområda våre er attraktive for mange som ønskjer seg ein fritidsheim. Noko har utvilsamt med naturen å gjera. Derfor vil eg seia litt om dei verdiane som er tilgjengelege så å seia utanfor døra til alle som har hytte på Haukelifjell – og om dei utfordringane forvaltinga av desse verdiane gjev bygdesamfunnet og kommunen.

E134 utgjer i praksis grensa mellom to vide og særmerkte fjellheimar: Hardangervidda i nord og Setesdalsheiane og Ryfylkeheiane i sør. På Hardangervidda er landets største nasjonalpark, med ein vesentleg del i Vinje kommune. På Setesdal vesthei er det oppretta eit landskapsvernområde som grensar inn mot kommunen vår i sørvest. Vinje har status som nasjonalparkkommune, og me er sjølvsagt stolte av at samfunnet gjennom sine vernevedtak vil hjelpe til med å taka vare på denne eineståande naturen for framtidige generasjonar.

I dette vakre og spennande fjellandskapet har to artar levd saman sidan dei vandra inn frå sør etter siste istida, for nærare 9000 år sidan: reinen og mennesket.
– Sjølvsagt andre òg, men villreinen var sjølve livsgrunnlaget for ein opphavleg nomadisk busetnad som stadig blei meir bufast i bygdene kring fjellet. Over alt er det fangstanlegg i form av dyregraver og bogastille, og ei lang rekkje stadnamn fortel sitt: Reinekvommi og Reinevòdi, Simletind og Simlefonni, Kreklingedyrskar, Dyredokk og Middyrrustine, for å nemne nokre rundt om i Haukelifjell. At villreinen gjerne berre blei kalla «dyr», syner kor viktig han var for livberginga.

Det er han ikkje lenger, men den årlege jakta er i dag ein kontrollert og systematisk måte å forvalte villreinstamma på. Dessutan er jakta kjelde til gilde naturopplevingar og spennande friluftsliv, og fører vidare den lange veidetradisjonen inn i vår tid. Også for dei som går utan skytevåpen i fjellet er det ei spesiell oppleving å møte rein, sommar som vinter.

Men villreinen er ikkje lenger berre i fjellet, han er òg i politikken. I 2007 tok miljøverndepartementet initiativ til å opprette ni sentrale villreinområde i Sør-Noreg, gjennom like mange regionale planar (styrde av fylkeskommunane). Denne planlegginga hadde to føremål: dels å sikre leveområda for villreinen i ei tid då mange ulike bruksinteresser gjer seg gjeldande i fjellet, og dels å gjeva bygdesamfunna rundt fjellet høve til å utvikle seg.

I Vinje er det no to slike planar, som båe omfattar randområda mellom dei nemnde verneområda og bygdene. Vågsli er nærast klemt inne mellom den såkalla Heiplanen i sør og Hardangerviddaplanen i nord. På den eine sida kan denne posisjonen seiast å vera eit uttrykk for verdien i landskapet i kring bygda og hyttefelta; på den andre sida reiser han spørsmål som gjeld den framtidige næringsutviklinga. Kor langt kan reiselivssatsinga gå utan at ho kjem i konflikt med det som styresmaktene definerer som villreininteresser? Kva med skiheisar, løyper og turvegar? Det er alt blitt eit tema om DNT-hytta Hellevassbu bør stengjast, fordi ferdsla att og fram til Haukeliseter kan vera sterkt medverkande til at det er mykje mindre rein i dette område enn før.

Kjernen i saka er at både reinen og bygdefolket er sårbare artar i fjellregionen. Bruken av fjellet har endra seg vesentleg berre dei siste femti åra, men framleis er denne bruken ein viktig del av næringsgrunnlaget for bygdene. På den eine eller andre måten er det naturen me lever av.

Er det opp til oss, skal hopehavet mellom mennesket og villreinen i Vinje gjerne vara i 9000 nye år; men dersom folket ikkje skal bli borte frå fjellbygdene alt i vår tid, må det førast ein politikk som tek omsyn til næringsgrunnlaget for båe partar. Dei regionale planane (som har ein monaleg stuttare tidshorisont) må derfor opne både for vern og berekraftig bruk.

I eit endå stuttare perspektiv vil eg ønskje alle brukarane av Haukelifjell ein fin vinter, med gilde og varsame turar inn i villreinens rike!